Banemontørar, Hønefoss

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 21. mai, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Vil du jobbe med drift og vedlikehald av Bane NOR sitt anlegg?

På Hønefoss er det ledig stillinger som banemontør. Som banemontør arbeider du med vedlikehald og reparasjon av skinner, sviller og sporvekslar. Du gjennomfører også tilstandskontrollar på eksisterande anlegg, du ryddar skog, ryddar snø på sporanlegg/publikumsareal og jobbar noko med nybygging.

Stillinga er underlagt faggruppeleiar linjen Ringerike.

Arbeidsoppgaver

  • drift og vedlikehald av banestrekningane med beredskap og feilretting
  • mindre fornyings- og investeringsprosjekt
  • dei til kvar tid delegerte oppgåver gitt av næraste leiar

Søkar må vere villig til å delta i andre drifts- og vedlikehaldsoppdrag etter behov, samt vere innstilt på turnusarbeid og ein del reising.

Ønskede kvalifikasjoner

  • fagbrev som banemontør
  • villig til å utdanne seg til hovudsikkerheitsvakt
  • villig til å ta kurs som fører til leiar el-sikkerheit
  • villig til å gjennomføre lokføraropplæring
  • førarkort klasse B
  • tilfredsstillande norskkunnskapar
  • relevante datakunnskapar
  • lokalkunnskap vil bli vektlagt

Det vert stilt helsekrav til blant anna syn, fargesyn og høyrsel. Helseundersøkinga vert gjennomført i samband med eventuell tilsetting.

Stillinga inngår i Bane NOR sin beredskapsordning. Tilsette i beredskapsordninga må, ved utrykking, kunne møte på stasjoneringsstaden innan 60 minutt. Det er krav om lokomotivførarutdanning. Fagarbeidarar utan lokomotivførarutdanning kan tilsettast i stillinga under føresetnad av at ein forpliktar seg til å ta lokomotivførarutdanning og består denne.

Personlige egenskaper

  • Vi ser etter ein omgjengelig person som har interesse for og eigenskapar innan fagområdet, og som er villig til å halde seg fagleg oppdatert. Du er strukturert, open og har evne til å utføre sjølvstendig arbeid. Det vert lagt vekt på forståing for, og tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper. Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og ha fokus på rasjonell produksjon.

  • Vi legg vekt på lojalitet til Bane NOR sine etiske retningslinjer, og våre verdiar som er open, profesjonell og engasjert.

Vi tilbyr

  • eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og fagmiljø
  • gode moglegheiter for etter- og vidareutdanning
  • pensjon og gruppelivsforsikring
  • personalbillett på NSB sine tog

Kontaktpersoner

Kristian Ø. Hovde
Telefonnummer: Mob. 481 31 156

Hvem er Bane NOR?

Bane NOR er et statlig foretak med ansvar for den nasjonale jernbaneinfrastrukturen.

Bane NORs formål er å sørge for tilgjengelig jernbaneinfrastruktur og effektive og brukervennlige tjenester, inkludert knutepunkts- og godsterminalutvikling. Foretaket har ansvaret for planlegging, utbygging, forvaltning, drift og vedlikehold av det nasjonale jernbanenettet, trafikkstyring og forvaltning og utvikling av jernbaneeiendom. Bane NOR har det operative koordineringsansvaret for sikkerhetsarbeidet og operativt ansvar for samordning av beredskap og krisehåndtering. Bane NOR har om lag 4.500 ansatte og har hovedkontor i Oslo.

Les mer om Bane NOR og se flere ledige stillingerSe videopresentasjon