Bane NOR treng tilsette som kan drifte og bygge framtidas jernbane.

Signalmontørlærlingar - Bergen

Stillingsbeskrivelse

Bane NOR treng tilsette som kan drifte og bygge framtidas jernbane.
Bli lærling i Bane NOR


Bergensbanen har 2 ledige lærlingeplassar som signalmontør i Bergen.

Som lærling i Bane NOR får du tett oppfølging av rettleiarane dine. Du får opplæring lokalt og på Norsk Jernbaneskole. Du vil treffe andre lærlingar frå heile landet gjennom lærlingesamlingar, og du vil jobbe saman med erfarne fagarbeidarar.

Felles oppstart for alle lærlingane er 19.08.2019.

Kva gjer ein signalmontør?
Som signalmontør utfører du vedlikehald, retter feil og monterer ulike typar signalanlegg. Du legg og skøyter kablar i jord, monterer kablar i utstyr, koplingsskap og tekniske rom, monterer, held ved like og retter feil på mekanisk og elektromekanisk utstyr i og ved sporet. Du jobbar både innandørs og utandørs langs med bane eller linje.

Ønskede kvalifikasjoner

    • du må ha bestått VG1 Elektrofag
    • du må ha bestått VG2 Elenergi
    • du må bestå Statens jernbanetilsyn si helseundersøking som gjennomførast ved inntak. Personar med diabetes, manglande fargesyn og nedsett hørsel vil ikkje bestå testen.
    • du må beherske norsk godt skriftleg og muntleg
    • det er ein fordel at du har førarkort klasse B, eventuelt at du tar dette snarast når du fyller 18 år.

      Kompetansebevis for VG1 og VG2 må lastast opp i søknaden. Går du på VG2 i år, legg du ved terminkarakterane for første halvår. Kompetansebevis for VG2 må da ettersendast når du har mottatt dette.

      Læretida er 2,5 år. Under læretida vil det være ein del reising fordi opplæringa kan skje i andre delar av landet.

Personlige egenskaper

    • Som signalmontør er du avhengig av å samarbeide godt med fleire faggrupper. Ein god signalmontør har teknisk innsikt, arbeider nøyaktig og er fleksibel. Krava til sikkerheit er høge og til tider må du arbeide under sterkt tidspress. Det er derfor viktig at du handterer slike situasjonar godt.

      Vi legg vekt på lojalitet til Bane NOR sine etiske retningslinjer, og våre verdiar som er open, respektfull, engasjert og nytenkjande.

Vi tilbyr

    • avlønning iht. gjeldande tariffavtale
    • viktige og spennande samfunnsoppgåver
    • muligheiter for fagleg og personleg utvikling
    • ordna arbeidsvilkår og godt arbeidsmiljø
    • tilgang til eit allsidig velferdstilbod
    • p.t. personalbillett med NSB sine tog

      Lurer du på noko? Ta gjerne kontakt med vår kontaktperson dersom du har spørsmål om stillinga.

      Søknaden din registrerer du elektronisk frå våre nettsider.

Kontaktpersoner

Gunnar Bidne
Telefonnummer: Mob. 916 59 281

Hvem er Bane NOR?

Bane NOR er et statlig foretak med ansvar for den nasjonale jernbaneinfrastrukturen.

Bane NORs formål er å sørge for tilgjengelig jernbaneinfrastruktur og effektive og brukervennlige tjenester, inkludert knutepunkts- og godsterminalutvikling. Foretaket har ansvaret for planlegging, utbygging, forvaltning, drift og vedlikehold av det nasjonale jernbanenettet, trafikkstyring og forvaltning og utvikling av jernbaneeiendom. Bane NOR har det operative koordineringsansvaret for sikkerhetsarbeidet og operativt ansvar for samordning av beredskap og krisehåndtering. Bane NOR har om lag 4.500 ansatte og har hovedkontor i Oslo.

Les mer om Bane NOR og se flere ledige stillingerSe videopresentasjon