Avdelingssjef Teknisk avdeling

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Dei fleste ikkje-medisinske avdelingane ved sjukehuset er tilknytt Drift/teknisk divisjon. Divisjonen har om lag 1000 årsverk, eit brutto driftsbudsjett på to milliardar kroner og ansvar for styring av ein investeringsportefølje på om lag ein milliard kroner. 

Vi søkjer no ein avdelingssjef for Teknisk avdeling som ønskjer å vidareutvikle og forsterke den faglege retninga til avdelinga. Du vil leie ei gruppe dedikerte fagfolk med god og lang erfaring frå sjukehuset. 

Teknisk avdeling har ansvar for drift, service og vedlikehald av ikkje-medisinsk utstyr, infrastruktur og føretaket sin bygningsmasse på om lag 440.000 m2. Avdelinga har 120 tilsette, eit bruttobudsjett på om lag 250 millionar kroner. Avdelinga er delt inn i seks seksjonar; bygg, dokumentasjon, elektro, maskin, transport og VVS. 

I tillegg til drift og vedlikehald av bygningar, har avdelinga ansvar for strømforsyning, oppvarming og kjøling, ventilasjon, vatn og avlaup, heisar og rulletrappar, røyrpost, automatiske transportanlegg og utvendige parkområde- og vegar. Teknisk avdeling har også drifts- og vedlikehald for produksjonsutstyr som autoklavar, dekontaminatorar, steriliseringsmaskinar, instrumentvaskemaskinar; kjøkkenbuffétar, anlegg for medisinske gassar og medisinsk trykkluft; vatnreinsing /dialyse, fryserom og kjemikaliereinsing 

Ny avdelingssjef er oppteken av å ta del i den teknologiske utviklinga av den komplekse bygningsmassen og infrastrukturen ved Haukeland universitetssjukehus. 

Som avdelingssjef ved Teknisk avdeling rapporterer du til Askjell Utaaker, divisjonsdirektør ved Drift/teknisk divisjon og sit i divisjonen si leiargruppe.

Arbeidsoppgåver

  • Leiing og drift av Teknisk avdeling si verksemd både fagleg, administrativt og økonomisk
  • Ansvar for at avdelinga blir vidareutvikla og tilpassa komande oppgåver
  • Ansvar for god samhandling med andre avdelingar, institusjonar og firma
  • Ansvar for rett fagleg utvikling av dei tilsette
  • Vere pådrivar i arbeidet for eit aktivt kompetansemiljø ved avdelinga
  • Sikre kvalitet og effekt av aktivitet. Vere sjukehuset sin kontakt mot styresmakter i aktuelle saker
  • Medansvar for at Drift/teknisk divisjon når sine mål

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning gjerne med mastergrad/sivilingeniør innan teknologifag
  • Leiarerfaring frå fagområdet er ønskjeleg, gjerne også leiarutdanning
  • Erfaring frå og innsikt i store komplekse organisasjonar
  • Erfaring med forbetringsarbeid
  • Gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg

Utdanningsretning og nivå

  • Utdanningstittel: Master/sivilingeniør innan teknologifag
  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad

Personlege eigenskapar

  • Tenkjer heilskapleg
  • Taklar ulike oppgåver og problemstillingar på ein gong i eit hektisk og travelt arbeidsmiljø
  • Nytenkjande med gjennomføringsevne
  • Har ein inkluderande og samhandlande leiarstil

Vi tilbyr

  • Ei spennande og utfordrande leiarstilling i eit godt arbeidsmiljø
  • Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar

Kontaktpersoner

Askjell Utaaker
Divisjonsdirektør
Telefonnummer: 932 30 448

Hvem er Helse Bergen?

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Kvart år behandlar vi nesten 600.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les mer på www.helse-bergen.no.