Avdelingsleiar - nasjonalt Senter for utbygging

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 24. juni, 2017. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Regionkontoret i Kabelvåg har ansvar for Nordland fylke som eit av 5 regionkontor under Hovudkontoret i Ålesund. Regionkontora er ansvarlege både for forvaltningsmessige og operative oppgåver og i tillegg har dei nasjonalt ansvar for eit fagområde. Kystverket Nordland er ansvarlege for å drive Senter for utbygging, som har den faglege og økonomiske oppfølginga av utbyggingstiltak over heile landet. Dette gjeld utdjuping av hamner og farleder, samt fjerning og deponering av forureina masser. Likeeins har avdelinga ansvar for planlegging og utbygging av fiskerihamner og farleier, og sørge for nødvendig plangrunnlag og tilbodsbeskriving for dei prosjekta som har fått løyving. Ansvaret inkluderer også oppfølging av entreprenørar i prosjekta.

Avdelinga har i dag 20 tilsette,med spesialkompetanse på høgt nivå innan anleggsteknikk, kontraktsadministrasjon, prosjektstyring og byggeleiing samt kvalitetssikring.

Avdelingsleiaren er direkte underlagt regiondirektøren og rapporterer til Kystforvaltningsavdelinga.

I Vågan kommune bor det totalt ca 9300 innbyggbyggarar - av dei ca 2000 i Kabelvåg. Kabelvåg ligg ca 5 km frå kommunesenteret Svolvær som har god kommunikasjon både med fly og båt. Staden har utanom barne- og ungdomsskule også vidaregåande skule, folkehøgskule og film- og kunstskule. I Kabelvåg/Lofoten er det særskilt gode mogelegheiter for eit aktivt friluftsliv både til havs og til fjells.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Leie avdelinga 
  • Ha eit overordna ansvar for byggherreoppgåver, forprosjektering og gjennomføring av Kystverkets utbyggingstiltak i fiskerihamner og farleier 
  • Sørge for at avdelinga har nødvendig kompetanse og ressursar for å kontrahere og gjennomføre tiltaka innanfor budsjettrammene 
  • Ansvar for oppfølging og kontroll 
  • Personal- og budsjettansvar 
  • Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga

 

Kvalifikasjonar:

  • Det er ønskeleg med utdanning frå universitet eller høgskule som sivilingeniør/master, helst innan bygg og anlegg. Ingeniør med lang relevant praksis vil også bli vurdert 
  • Solid erfaring innan prosjektering og gjennomføring av anlegg i tiltaksklasse I - III, frå privat eller offentlig verksemd 
  • Relevant leiarerfaring og personlege eigenskapar vil verte vektlagt 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

 

Utdanningsretning og nivå: 

  • Tekniske fag
  • Bygg og anlegg
  • Høgskule / Universitet

 

Personlege eigenskapar:

  • Vere ein god personalleiar ved å gi ei klar oppleving av retning, vere engasjert og halde fokus på måla 
  • Evne til å utvikle medarbeidarane gjennom involvering, rettleiing, og ansvarleggjering 
  • Er systematisk og har god gjennomføringsevne 
  • Samarbeider godt med andre og støtter andre i å nå mål 
  • Er engasjert, framtidsretta og påliteleg

 

Vi tilbyr:

  • Utfordrande og interessante oppgåver i ein nasjonal samferdselsetat 
  • Fleksibel arbeidstid 
  • Gode velferdsordningar og god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse 
  • Det er eit personalpolitisk mål at Kystverket skal vere prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle befolkninga elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hos oss. 
  • Den som blir tilsett må sikkerheitsklarerast. 
  • Stilling som avdelingsleier, st.kode 1407, bruttolønn kr. 594 400 - 743 100 etter statens lønnsregulativ.

Kontaktpersoner

Frøydis Rørtveit Stensvik
Avdelingsleder
Fridtjof Wangsvik
Regiondirektør Nordland
Telefonnummer: 76069639/95791777

Hvem er Kystverket Nordland?

Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet.