Avdelingsleiar Hardanger

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 10. desember, 2019. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Som ein naturleg konsekvens av den veksten vårt kontor har hatt dei siste åra vert det frå årsskiftet oppretta ein stilling som avdelingsleiar for vår Hardanger-avdeling. Avdelinga har kontor både i Odda og i Eidfjord, me ynskjer at den nye avdelingsleiaren skal ha kontorstad i Odda

Hardanger er ei tverrfagleg avdeling med hovudvekt innanfor faga; arkitektur, bygg/konstruksjon, elektro, geo-fag, plan/GIS, vatn/avløp, landmåling, samt byggje- og prosjektleiing.

Samarbeid på tvers av fagområde og mellom kontor, avdelingar og grupper internt i Norconsult vil vere ein vesentleg del av kvardagen. Stillinga inngår i Norconsult Hardanger og Voss si leiargruppe og rapporterer til kontorleiar.

Arbeidsoppgåver:

  • Strategi- og forretningsutvikling. Bidra i kontoret si leiargruppe
  • Bidra til vidare oppbygging og utvikling av avdelinga
  • Budsjett og resultatansvar for avdelinga
  • Kunde- og marknadskontakt
  • Tilbodsarbeid og tilbodsleiing
  • Personalansvar. Utvikle og ta vare på medarbeidarane, både med omsyn til kompetanse og kapasitet
  • Ressursstyring og rekruttering
  • Oppdragsleiing, fag- og disiplinansvar i oppdrag
  • Planlegging og prosjektering innanfor ditt fagområde

For oss er det viktig at du:

  • Har relevant utdanning innan eit av fagområda for avdelinga
  • Har erfaring frå fagleg arbeid i oppdrag
  • Har leiarerfaring frå personalleiing eller oppdragsleiing internt, frå tidlegare arbeidsforhold, eller eit sterkt ynskje om å utvikle deg i ei leiarrolle
  • Har omsorg for medarbeidarar
  • Er flink til å formulere deg både muntleg og skriftleg
  • Er sjølvgåande, strukturert og likar å ta initiativ
  • Er motiverande, tillitsskapande og nytenkjande
  • Har gode kommunikasjonsevner, er løysingsorientert og er ein lagbyggjar
  • Er ein rollemodell som etterlever bedriftskulturen vår i ord og handling
  • Er marknadsorientert, og har godt kontaktnett med kundar

Som avdelingsleiar får du:

  • Leie ei fantastisk gruppe med dyktige fagfolk
  • Verta ein del av ein sterk bedriftskultur prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
  • Delta i interne leiarutviklingsprogram/leiarforum

Norconsult er Norges største rådgiverbedrift. Våre tjenester er rettet mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eid av våre over 3 800 medarbeidere som er stasjonert på 96 kontorer i hele verden. Hovedkontoret ligger i Sandvika utenfor Oslo.

Kontaktpersoner

Endre Lægreid
Kontorleder
Telefonnummer: 95758806

Hvem er Norconsult?

Norconsult AS er med sine 3800 ansatte Norges største flerfaglige rådgiver rettet mot samfunnsplanlegging og prosjektering. Vi leverer tjenester nasjonalt og internasjonalt knyttet til bygg og eiendom, energi, industri, miljø, olje og gass, samferdsel, samfunnsplanlegging, sikkerhet og vann og avløp. Selskapet som er eid av de ansatte har hovedkontor i Sandvika og mer enn 96 andre kontorer i Norge og utlandet.

Les mer om Norconsult og se flere ledige stillinger