Avdelingsleiar brannførebyggande avdeling

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Vi søker nå etter ein tydeleg, motivert og inkluderande avdelingsleiar for brannførebyggande avdeling. Avdelinga har m.a. ansvar for tilsyn med særskilte brannobjekt, feiing, bustad- og byggjetilsyn og arbeid med utsette grupper.

Brann Norge er stadig i endring og krev nye kvalifikasjonar og vilje til utvikling av seg sjølv og sine medarbeidarar. Rette kandidaten har evne og vilje til å sjå og nytte trendar og utviklingstrekk i samfunnet for å forbetre og utvikle eit meir treffsikkert brannførebyggande arbeid.

Ut ifrå personalgruppa si samansetning vert kvinner oppmoda til å søkje!

Stillinga inngår i selskapets leiargruppe, som består av brann og redningssjef, varabrannsjef/leiar beredskap og leiar førebyggande. Gruppa samarbeider tett med tillitsvalte i arbeide med å vidareutvikle SBR.

Arbeidsoppgåver

  • Resultat, budsjett- og personalansvar
  • Strategi,- mål- og resultatstyring
  • Leiing og koordinering av avdelingas daglege arbeid
  • Rettleie og motivere dei tilsette
  • Utvikle samarbeidsrelasjonar på tvers av fag og opp mot kommunar og andre naturlege samarbeidspartnarar

Vi tilbyr 

  • 100% fast stilling frå snarast
  • Meiningsfull og samfunnsnyttig jobb
  • Fagmiljø med motiverte medarbeidarar
  • Utfordrande leiaroppgåver og store moglegheiter for å utvikle det brannførebyggande arbeidet
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fleksitid
  • Avhengig av kvalifikasjonar kan det på sikt vere aktuelt å inngå i vaktordning ved beredskapsavdelinga
  • Løn på avdelingsleiar nivå
  • Kommunal pensjonsordning

Spesielle vilkår for stillinga

  • Den som vert tilsett må forplikte seg til å ta nødvendige kurs ved Norges brannskole. SBR dekkjer kostnadene.
  • Ved tilsetting må politiattest leggast fram, jf. paragraf 18 i Brann- og eksplosjonsvernlova.
  • Aktuelle kandidatar må vere førebudd på at det vert gjennomført ein bakgrunnssjekk.

Sogn brann og redning søker motiverte medarbeidarar som er engasjerte, kompetente, opne og pålitelege. Selskapet er ungt og tenesta er i utvikling med omsyn til kvalitet, arbeidsmiljø og mangfald blant dei tilsette.

For meir informasjon om selskapet, sjå: www.sognbrann.no.

Informasjon og søknad:

Alle søkjarar må skrive mobilnummer i feltet Telefon/Mobi privat" i den elektroniske søknaden.

For spørsmål kontakt Tenestetorget tlf. 57629600.

Dersom du skal søkje på fleire stillingar, må du sende ein søknad pr. stilling. 

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad. 

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden og det er merka av for at ein ønskjer å motta informasjon om søknaden på e-post.

I skjemaet er det mogeleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort, men gjer merksam på at CV vert brukt i utvida søkjarliste. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør Offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Kontaktpersoner

Vidar Trettenes
Brann- og redningssjef
Telefonnummer: 90037256
Mobil: 90037256

Hvem er Sogn brann og redning IKS?

Sogn brann og redning IKS (SBR) er eit interkommunalt selsekap eigd av kommunane Sogndal, Luster, Leikanger, Balestrand og Vik. SBR har sitt hovudkontor i Sogndal.

Sogn brann og redning IKS er felles brann- og redningsteneste for kommunane Sogndal, Luster, Leikanger, Balestrand og Vik. Vi dekkjer eit areal på i underkant av 5 000km2 og knapt 20 000 innbyggarar.

SBR består av:

  • Forebyggende avdeling: 3 inspektørar, 1 feieformann og 4 feiarar. 
  • Beredskapsavdelinga: 5 brannstasjonar, 1 bi-stasjon og 2 depot og omlag 100 tilsette på deltid og heiltid.

Første mai 2011 tok SBR over alle oppgåver med heimel i brannlova, som t.d. søknader om oppskyting/sal av fyrverkeri, tilsyn med og oppfølging av særskilte brannobjekt, feiing og bustadtilsyn, samt beredskap i forbindelse med brann og andre ulykker. Frå juni 2012 har vi også ansvar for byggtilsyn i dei fem eigarkommunane.