Avdelingsingeniør

Kommunen har ei nyoppretta 100% fast stilling som avdelingsingeniør.

Stillingsbeskrivelse

Teknisk drift har ansvar for veg, vatn/avløp og forvalting og vedlikehald av kommunal eigedom. Vi søkjer etter ein person med relevant utdanning og kompetanse innan planlegging, utbygging og drift av kommunale VVA-anlegg og bygningar. Arbeidsoppgåvene vil kunne omfatte alle fasar frå utgreiing, prosjektering og anleggsoppfølging.

Søkjarar må ha god formuleringsevne munnleg og skriftleg, og god evne til planlegging og resultatoppnåing. Vi søkjer deg som er kreativ, har gode samarbeidsevner, og som har ei god serviceinnstilling. Gode IKT-kunnskapar er ein føresetnad, og det er ein fordel om du har kjennskap til lov om offentlege innkjøp.

Vi kan tilby:

  • utfordrande stilling i ein kommune i stor utvikling
  • godt arbeidsmiljø med positive og dyktige medarbeidarar
  • konkurransedyktig lønn
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • gode lønns- og arbeidsvilkår
  • eit godt sosialt og sterkt tverrfagleg arbeidsmiljø, med faglege utfordringar og gode mogelegheiter for personleg utvikling

Nærare opplysningar ved leiar for teknisk drift, Ellen Petrine Fretheim tlf. 900 11 770. Søknad skal merkast med arkivsak 19/1096.

Søknad skal sendast elektronisk via våre internettsider.

Søknadsfrist: 27. juni 2019

Kontaktpersoner

Ellen Petrine Fretheim
Leiar for teknisk drift
Mobil: 900 11 770

Hvem er Øystre Slidre kommune?

Kan du tenkje deg ein spanande og utfordrande jobb i kombinasjon med ein natur som inviterer til topptur i Jotunheimen? Sti- og terrengsykling? Klatring? Lang skisesong? Milevis med skiløyper? Uendeleg med stiar og rike moglegheiter for jakt og fiske?

Dette finn du særleg rett utanfor døra på Beitostølen, men også i resten av kommunen. Du finn også eit rikt kulturliv i kommunen og i Valdres.

Øystre Slidre er ein kommune med vekst i folketalet og med mange nye spanande arbeidsplassar. Kommunen planlegg for at denne positive utviklinga skal halde fram. Vi håper du vil bli med på dette laget!