Avdelingsingeniør: Veg, grønt og anlegg, avd. Trafikk og miljø (Brattvåg)

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 09. mars, 2020. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

100 % stilling, ett års engasjement ledig for tiltreding etter avtale.  

Arbeidsoppgåver

Verksemdas Trafikk og miljø-eining er ansvarleg for bl. anna forvaltning og utvikling av kommunale trafikkområde, byrom, idrett og friområde. Oppgåvene vil vere relatert til forvaltning, planlegging, prosjektering og leiing av planar og prosjekt innanfor desse områda. Ein må òg rekne med ein del saksarbeid. Politikken til verksemda er å utvikla og behalde eigen kunskap og erfaring rundt desse oppgåvene.

Kvalifikasjonar

  • Høgare teknisk utdanning som bachelor eller master.  
  • God kompetanse innan veg- grønt og anleggsfaget.  
  • Erfaring innan veg- grønt og anleggsfaget er ønskeleg, men òg nyutdanna blir oppfordra til å søke.
  • Søkar må meistre norsk både skriftleg og munnleg.
  • Personlege eigenskapar
  • God kommunikasjonsevne både munnleg og skriftleg. 
  • Strukturert, engasjert, sjølvstendig, samarbeidsdyktig, løysningsorientert.  
  • Gode EDB kunskaper. 
  • Erfaring med prosjekteringsverktøy som t.d. AutoCAD o.l. er fordel, men ikkje ein nødvendighet.
  • Evne til å arbeida både i team og sjølvstendig. 

Vi tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver.  
  • Eit godt fag- og arbeidsmiljø.  
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling.  
  • Fleksitidsordning.
  • Konkuransediktig lønn etter kvalifikasjonar, god pensjonsordning i KLP. 
  • Arbeisstad i nye lokale i rådhuset i Brattvåg.
  • På grunn av stort behov for kvalifisert arbeidskraft kan engasjementet bli endra til fast stilling.

Kontaktpersoner

Mirza Begic
Fagleiar
Mobil: 413 05 103
Oddvar Kongsvik
Verksemdsleiar
Mobil: 911 56 417

Hvem er Ålesund kommune?

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.