Avdelingsingeniør vatn/avløp

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 22. september, 2017. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Det er ledig vikariat i inntil 100 % stilling som avdelingsingeniør vatn/avløp ved teknisk avdeling i Seljord kommune.  Seljord kommune ligg i hjarte av Telemark og har eit innbyggjartal på ca. 3000. 

Teknisk avdeling har ansvar for utbygging, forvaltning og drift, samt sakshandsaming av alle tekniske fagområde. Avdelinga har for tida 13 tilsette inne og ute. Vi er eit godt team med høg trivsel og gode moglegheiter for fagleg utvikling. 

 

Arbeidsområde: 

  • planlegging, prosjektering og oppfølging av utbyggingsprosjekt i VA-sektoren
  • vassbehandling og vassforsyning
  • ferdigstille/fylgje opp overordna VA-plan for Seljord kommune
  • tilsyn med og drift av vatn- og avløpsanlegga samt driftsovervakingssystemet i nært samarbeid med driftsoperatør 
  • kommunalteknisk sakshandsaming

 

Ønskte kvalifikasjonar: 

  • ingeniørutdanning frå høgskule/universitet. Utdanning frå fagskule med rett fagretning vil også bli vurdert.
  • relevant erfaring
  • evne og vilje til å arbeide effektivt og sjølvstendig
  • gode evner til samarbeid
  • serviceinnstilling og evne til god kommunikasjon 
  • god digital kompetanse
  • godt norsk språk, både munnleg og skriftleg.

I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga. Ein må pårekna å disponere eigen bil i teneste.

 

Tilsetjing på kommunale vilkår og løn etter avtale. 

Tilsetting snarast, vikariat varer fram til 1.10.2018

Elektronisk søknadsskjema må nyttast, sjå: www.seljord.kommune.no for meir info.

Seljord kommune er ein nynorskkommune og den som vert tilsett må skrive nynorsk i sakshandsaming og kundekontakt.

Kontaktpersoner

Frid Berge
Kommunalsjef
Telefonnummer: (+47) 35 06 51 52
Kåre Groven
Teknisk sjef
Telefonnummer: (+47) 35 06 51 61