Avdelingsingeniør: Vatn og avløp

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 08. mars, 2020. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

100 % fast stilling ledig for snarleg tiltreding. 

Verksemd Vatn og avløp er ein av kommuna si største med over 80 tilsette. Verksemda er inndelt i 6 avdelingar, derav 4 på drift, 1 myndighetutøvelse og til sist prosjektering og utbygging. I avdeling prosjektering og utbygging, er det ledig 1 ingeniørstilling. Vi søker etter ingeniør som ønsker å vere med på prosjekter fra a- å, som ønsker seg ei spennande stilling og som vil vere med å påverke lokalmiljøet no og i framtida. Du vil få innflytelse, påverknadsmulegheiter og eit grunnlag for fleire karrieremulegheter i kommunen. Som avdelingsingeniør i prosjektering og utbygging vil du vere ein del av eit breitt fageleg, kvalifisert og godt sosialt miljø innan kommunalområdet Miljø- by- og stadutvikling. Prosjektering og utbygging har 12 tilsette og dekker heile kommunen. Oppmøtestad no er rådhuset.

Arbeidsoppgåver

Stillinga sitt innhald vil kunne tilpassast person som blir tilsett, men i hovudsak dekke desse kulepunkt

  • Oppfølging og saksbehandling innanfor kommunalteknikk – med hovudvekt på vatn og avløp
  • Godkjenne kommunaltekniske planar ved private utbyggingar
  • Medansvar for utforming av utbyggingsavtalar og praktisk oppfølging av desse
  • Samhandling med andre verksemder innafor kommunalområdet 
  • Vere med på å utvikle avdelinga sitt arbeid/(system)  med utbyggingsavtaler
  • Anna arbeid i avdelinga

Andre oppgåver i avdelinga

  • Overordna planlegging innan VA, hovudplanar og saneringsplanar
  • Prosjektering av veg, vatn og avløpsanlegg
  • Prosjektleiing, byggeleiing og oppfølging av konsulentar
  • Modellering av vatn og avløpsnettet
  • Bistå kommuneadvokat med oppfølging av refusjonssaker etter plan- og byggelova
  • Andre forvaltningsoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Høgare teknisk utdanning fra høgskule/universitet, ingeniørhøyskole eller tilsvarende
  • God VA-kompetanse, gjerne jus i tillegg
  • Erfaring frå VA- fagfeltet er ønskeleg

Personlege eigenskapar

  • Søkar må beherske norsk både skriftleg og munnleg
  • God kommunikasjonsevne, både munnleg og skriftleg
  • Evne til å arbeide både i team og sjølvstendig 

Vi tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Eit godt fagmiljø innanfor VA
  • Gode muligheiter for fageleg utvikling, kurs og konferansar
  •  Fleksitidsordning
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • God pensjonsordning i KLP

Kontaktpersoner

Karsten Almås
Avdelingsleiar
Telefonnummer: 70 16 27 01
Mobil: 926 40 262

Hvem er Ålesund kommune?

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.