Automatikar/serviceteknikar - Teknisk seksjon Haugesund

Stillingsbeskrivelse

AUTOMATIKAR/SERVICETEKNIKAR ITB vil inngå i gruppa av personalet som førestår drift og vedlikehald av Helse Fonna sine ulike integrerte tekniske bygningsinstallasjonar.

Arbeidsoppgåver

  • Inngå i drifta av Teknisk seksjon og få ansvar for ulike sentrale driftskontroll anlegg, styrings og alarmsystem i verksemda.
  • Drift, vedlikehald, feilsøking og utbetring på føretakets ulike automatiserings-, styringsanlegg og alarmsystem.
  • Oppfølging av IK og utvikling innan fagfeltet
  • Delta i tverrfaglege vedlikehaldsteam
  • Mogleg deltaking i fast etablert heimevaktordning.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som automatiker eventuelt teknisk fagskule og relevant fagbrev.
  • Erfaring frå drift og vedlikehald av SD-anlegg (sentral driftskontroll), automatiseringsprosessar, regulering/overvåkingssystem.
  • Evne til å arbeide i tverrfaglege team, og arbeid med IT-baserte verktøy.
  • Personar med relevante fagbrev kombinert med lang erfaring innan fagfeltet kan også vere aktuelle.

Utdanningsretning

  • Elektronikk/elektro/telekommunikasjon

Utdanningsnivå

  • Fagskule/fagbrev

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og trivelig arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn etter avtale

 

Kontaktpersoner

Kjell Ove Åserød
Funksjonsleiar automasjon/svakstraum
Telefonnummer: 52 73 29 25
Trond Sletten
Funksjonsleiar vedlikehald
Telefonnummer: 52 73 29 11

Hvem er Helse Fonna HF?

I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook