Arealplanleggjar i planseksjonen

Arkitekt

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 16. februar, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Me søkjer

etter 2 arealplanleggjarar/arkitektar til 100 % fast stilling. Stillingane vil by på mange interessante utfordringar innan aktuelle fagområde, rettleiing og samarbeid med andre fagmiljø. Me ønskjer tilsette med gode fagkunnskapar innan fagområdet.

 

Om arbeidsplassen

Planseksjonen har p.t. seks årsverk og arbeidar tett saman med faggruppene bl.a. byggesak og kommunalteknikk. Me legg stor vekt på godt samarbeid og god  intern og ekstern service.

 

Om arbeidsoppgåvene

Seksjonen har ansvar for by- og samfunnsutvikling, planlegging av utbyggingsområde, revidering av overordna kommuneplanar, samferdsels- og energiplanar, utarbeiding av kommunale arealplanar og retningsliner, samt rettleiing og saksbehandling av private reguleringsplanar.

 

Kvalifikasjonar

Du har god kjennskap til fagområdet, og har høgare relevant utdanning og arbeidserfaring. Som saksbehandlar må du vera opptatt av fagfeltet, kvalitetsbevisst, resultatorientert og serviceinnstilt. Du må kunne arbeida både i team og sjølvstendig. Du må også ha gode samarbeidsevner og gode norsk kunnskapar, både skriftleg og munnleg.

 

Me tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Triveleg arbeidsmiljø og utfordrande arbeidsoppgåver i ein organisasjon i utvikling

 

Elektronisk søknadsprosess

Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bedd om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

 

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Kontaktpersoner

Wibecke Natås
Fagleiar plan
Telefonnummer: 415 45 244

Hvem er Time kommune?

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.

Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, tilsette, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 800 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.