Arealplanleggar

Vi skal no få på plass den nye planavdelinga vår, og søkjer derfor etter to nye arealplanleggjarar. Fagområda vil være kommuneplanlegging og handsaming av private reguleringsplanar. Målsetjinga vår er å setje saman eit planleggjarteam som skal ha brei kompetanse og tett dialog med politikarar, innbyggjarar, næringsliv og overordna myndigheiter for å skape ei god kommune å bu og arbeide i.

Stillingsbeskrivelse

Arbeidsoppgåver

Hovudarbeidsområdet er arealplanlegging og saksbehandling etter plan- og bygningslova. Arbeidet omfattar både sakshandsaming av kommunale og private reguleringsplaner, og utarbeidning av nye kommuneplanar.

Planavdelinga skal og være involvert i anna planarbeid i kommunen, samt utarbeide kommunale temaplanar.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning, med vekt på planlegging og/eller arkitektur
  • God generell IT-kompetanse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Relevant erfaring frå privat eller offentleg sektor
  • Utgreiingserfaring, gjerne med erfaring frå produksjon av saker til politisk nivå.
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar internt i kommunen og mellom kommunen og næringslivet/innbyggjarar vil bli tillagt stor vekt
  • Initiativrik, kreativ, analytisk og strukturert

Vi tilbyr

  • Spennande utfordringar i ein organisasjon i stadig endring
  • Sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver i eit allsidig og fagleg spennande miljø
  • Godt kvalifiserte og hyggelege kollegaer
  • Konkurransedyktig løn og gode pensjonsordningar
  • Valfri kontorstad; Måløy eller Florø

 

Kontaktpersoner

Anders Espeset
Fagleiar
Telefonnummer: 95 22 72 75
Heidi Dyrøy
Tenesteleiar Plan
Telefonnummer: 94 15 50 52

Hvem er Kinn Kommune?

Kinn kommune blir den åttande største kommunen i nye Vestland fylke med våre 17.500 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi 1600 tilsette og eit mål om "tidenes kompetanseløft". Kinn er ein kommune med delt kommunesenter. Det betyr at vi har lik fordeling av toppleiarstillingar mellom Måløy og Florø.