Arealplanleggar

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 16. februar, 2020. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Vi søker etter 3 nye medarbeidarar i 100 % faste stillingar i planavdelinga for snarleg tiltreding, ei stilling med arbeidsstad i vår avdeling i Brattvåg, og to stillingar ved rådhuset i Ålesund.

Ålesund kommune er, saman med Sula og Giske, den første byregionen i Norge som er tatt opp i FNs smartbynettverk. Ålesundsregionen har dermed store ambisjonar for miljø-, samfunns- og byutvikling som er basert på FNs berekraftsmål.

Dersom du syns det er spanande og gjevande å jobbe i ein kommune i endring og med varierte oppgåver, er Ålesund kommune den rette arbeidsgjevaren for deg.

Hos oss blir du del av eit kunnskapsrikt og mangfaldig fagmiljø. Du vil arbeide tett med kompetente fagfolk innan ingeniørfag, juss, arkitektur, landskapsarkitektur og naturforvaltning.

Det er høg aktivitet både innan offentleg og privat sektor og kommunen har fleire store planprosessar som er i startfasen. Vi arbeidar med overordna planar som kommuneplanens arealdel, områdeplanar, transportplanlegging og byutviklingsprosjekt. I tillegg behandlar vi plansaker og vi har viktige rådgjevingsoppgåver overfor private aktørar, andre kommunale verksemder og rådmannen.

Arbeidsoppgåver

  • Deltaking i arbeid med kommunale areal- og reguleringsplanar, utgreiingar og andre tematiske planar. 
  • Deltaking i by- og stadutviklingsprosjekt.
  • Kvalitetssikre og saksbehandle private reguleringsplanar.
  • Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga ved behov og etter kvalifikasjon.

Kvalifikasjonar

  • Vi ønsker oss søkarar med høgare universitets-/høgskoleutdanning innanfor eit eller fleire av følgande fagområder: areal- og transportplanlegging, arkitektur, by- og stadutvikling.
  • Erfaring frå offentleg forvaltning og frå saksbehandling av planar etter plan- og bygningslova er ein fordel.
  • Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Personlege eigenskapar
  • Vi søker sjølvstendige, engasjerte og resultatorienterte personar som har samarbeidsevne, gjennomføringskraft og som er god på kommunikasjon.

Vi tilbyr

  • Mulegheit til å vere med på å bygge ei ny kommune med store ambisjonar for framtida,  
  • Godt tverrfagleg, kompetent og kollegialt arbeidsmiljø.  
  • Gode mulegheiter for fagleg utvikling.  
  • God pensjons- og forsikringsordning.  
  • Løn etter avtale.

Kontaktpersoner

Hege Gjøsund
Gruppeleiar Brattvåg
Mobil: 469 30 908
John Fylling
Gruppeleiar Ålesund
Telefonnummer: 70 16 26 13
Lars Roger Lundanes
Konst. verksemdsleiar
Telefonnummer: 70 16 26 23

Hvem er Ålesund kommune?

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.