Arealplanleggar

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Vestre Slidre kommune har ledig 100 % fast stilling som arealplanleggar. Stillinga er ledig frå 01.03.2020.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsområdet vil i hovudsak vera saksbehandling etter plan og bygningslov, oppfølging av private reguleringsplaner, førebu og legge fram saker for politiske organ. Stillinga kan og bli tillagt andre oppgåver.

Kvalifikasjonar

Søkar bør ha relevant utdanning på høgskule/universitetsnivå. Erfaring frå tilsvarande stilling er ein fordel.

Ved tilsetjing vil vi legge vekt på:

  • god skriftleg og muntleg framstillingsevne
  • særs god IKT kunnskap
  • GIS-kompetanse

Personlege eigenskapar

VI søkjer etter ein person som

  • har gode samarbeidsevner
  • arbeider sjølvstendig og systematisk

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • Løn etter avtale

Andre opplysningar

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til åsøkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil blitilrettelagt ved behov.

Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjarenhar bedt om at namnet blir unnateke offentleg søkjarliste. Ønskje om å bli unnateke offentlegsøkarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vertvarsla dersom ønskje ikkje kan takast til følgje.

Kontaktpersoner

Terje Karlsen
Avdelingsleiar
Mobil: 975 82 329

Hvem er Vestre Slidre Kommune?

Vestre Slidre er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres. Kommunen er 464 km2 stor og har omlag 2 200 innbyggjarar. Vi har ei god skule i kommunen og vi har full barnehagedekning. Kommunen har eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett. Vestre Slidre ligg vakkert til nær Jotunheimen. Det ligg til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.