Arealkoordinator

Stillingsbeskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorrådgivar 

Fakultetet disponerer i dag 69.000 kvm fordelt på 24 ulike bygg. Våre aktivitetar og ambisjonar innan forsking og utdanning spenner over laboratorieverksemd, felt- og toktarbeid og teori- og modellutvikling. For kvalitet i forsking og utdanning er vi avhengige av å utnytte noverande bygningsmasse best mogleg, syte for kontinuerleg fornying og å realisere nye arealprosjekt. Sikker drift, god dialog med brukarane og modernisering av forskingsinfrastruktur og læringsareal er viktige målsettingar i fakultetet sitt arealarbeid. Både på og utanfor campus skal studentar og tilsette ha eit trygt og sikkert arbeids- og studiemiljø. For å realisere desse måla søkjer vi ein tillitvekkande, erfaren og utviklingsorientert rådgivar med brei erfaring og interesse for arealforvalting.

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegge og koordinere fakultetet sine interesser knytt til byggeprosjekt og arealendringar
  • Ta initiativ til utvikling av fakultetet sine areal på kort og lang sikt
  • Halde oversikt over fakultetet sine areal og bidra til effektiv og hensiktsmessig utnytting av areala
  • ROS-analysar innafor stillinga sitt ansvarsområde
  • Ivareta gode brukarprosesser i arealprosjekt
  • Arbeidsoppgåver knytt til arealbehov for tyngre infrastruktur
  • Ansvar for å koordinere HMS-innsatsen knytt til det fysiske arbeidsmiljøet
  • Samarbeide tett med brukarmiljø og universitetet si eigedomsavdeling og HMS-seksjon
  • Gje støtte og råd til leiarar i areal- og HMS-relaterte spørsmål

Du har:

  • utdanning på masternivå innan relevant fagområde. Realkompetanse med relevans for arbeidsoppgåvene kombinert med etter- og vidareutdanning kan kompensere for utdanningskravet
  • erfaring frå utgreiingar og gjerne oppfølging av større byggeprosjekt
  • interesse for og erfaring med systematisk og operativt HMS-arbeid
  • gode datakunnskapar og kjennskap til IT-system for prosjektstyring og byggeleiing
  • god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk og kunne kommunisere på engelsk
  • god økonomiforståing

Du er:

  • ein leveransedyktig pådrivar med stor arbeidskapasitet og evne til å arbeide sjølvstendig
  • systematisk og analytisk med evne til å sjå moglegheiter og vere løysingsorientert
  • ein relasjonsbyggjar med gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit godt og fagleg utfordrande internasjonalt arbeidsmiljø.
  • Stilling som seniorrådgivar (kode 1364) i lønssteg 70 - 75 (for tida kr 631.700-695.00) i det statlege lønsregulativet. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Kontaktpersoner

Elisabeth Müller Lysebo
fakultetsdirektør
Telefonnummer: 975 57 135

Hvem er Universitetet i Bergen?

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.