Areal - og transportplanleggar / Samfunnsplanleggar

Stillingsbeskrivelse

Seksjon Regional samhandling Nord og midt

Seksjonen Regional samhandling Nord og Midt-Noreg, med kontor i Trondheim, bidreg til nasjonal og regional samfunnsutvikling, mellom anna gjennom deltaking i arbeidet med byvekstavtaler og planlegging av det framtidige kollektivtilbodet. Vi dekker fylka Trøndelag, Møre- og Romsdal, Nordland, Troms og Finnmark, og samhandlar med regionale styresmakter, næringsliv og interesseorganisasjonar. Målet er å gje kvalifiserte innspel til alle leveransar frå Jernbanedirektoratet som gjeld vår region. Seksjonen tel seks medarbeidarar, medan det på Trondheimskontoret arbeider til saman 16 personar som representerer dei fleste seksjonane i Jernbanedirektoratet.

Seksjonen søkjer no to engasjerte medarbeidarar som ønskjer å bidra til å utvikle framtidas jernbane og kollektivtrafikk nasjonalt og regionalt. Dette inneber å samhandla med fylkeskommunar, kommunar, regionalt næringsliv, persontrafikkoperatørar og andre samfunnsaktørar for å nå samfunnet sitt mål om auka andel kollektivreisande og meir frakt av gods på jernbane. Forutan gode kollegar i seksjonen og elles ved kontoret i Trondheim, vil du og ha nytte og glede av å samarbeide med Jernbanedirektoratet sine fagfolk i Oslo og Bergen. Vi ser etter deg som kan identifisere deg med verdiane våre: Nytenkjande, open, modig og kompetent.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i samhandling med fylkeskommunar, kommunar, regionalt næringsliv, persontrafikkoperatørar og andre samfunnsaktørar slik at jernbanen bidreg til ønsket samfunnsutvikling. Dette omfattar deltaking i arbeidet med inngåing og oppfylging av byvekstavtalar, samt rute -, takst – og billettsamarbeid
  • Ta del i arbeidet med å utarbeide grunnlag for Nasjonal transportplan, sektoren sitt handlingsprogram, diverse utgreiingar og inngåing av trafikkavtalar med persontrafikkoperatørar
  • Prosjektleiing og prosjektdeltaking
  • Samarbeid om tilbodsutvikling

Kvalifikasjoner

  • Relevant høgare utdanning, helst på masternivå
  • Relevant røynsle, til dømes frå kollektivtransport, transportplanlegging, kommunalt planarbeid eller anna offentleg forvaltning
  • Røynsle med by- og arealutvikling og kunnskap om samanhengane mellom transportsystem og arealutvikling
  • Kreativ og løysingsorientert
  • God forståing av offentleg sektor og politiske prosessar
  • Nyutdanna eller personar med kort relevant røynsle frå arbeidslivet er også aktuelle

Personlege egenskaper

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • God gjennomføringsevne
  • Samfunnsengasjert
  • Trivast med å halde presentasjonar og bygge relasjonar
  • Fleksibel med omsyn til arbeidsoppgåver, arbeidsformer og reiseverksemd
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø i moderne og sentralt plasserte kontor i Trondheim
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver, mykje ansvar og moglegheit til å påverke politiske avgjerder
  • Gode utviklingsmoglegheiter i eit direktorat og i ein sektor det vert satsa på
  • Avhengig av kvalifikasjonane til søkaren er stillinga lønna etter stillingskode 1434 Rådgjevar/1364 Seniorrådgjevar kr 550 000 – kr 815 000

Alle henvendelser behandles konfidensielt inntil søknadsfristens utløp. Deretter vil det bli satt opp offentlig søkerliste. Dersom en søker ønsker å reservere seg fra en offentleg søkerliste, må dette grunngjevast. Søkeren vil bli varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

Staten legg vekt på mangfald, og vi oppfordrar alle kvalifiserte til å søke. Det er ønskeleg med snarleg tiltreding. Ved tilsetting gjeld 6 månader prøvetid. Det vert trekt 2 prosent av bruttolønn som innskott til Statens pensjonskasse.

Kontaktinformasjon

Anne Skolmli, sjef for regional samhandling nord og midt Norge, tlf. (+47) 916 72 580

Søknadsfrist: 31. august 2019

Arbeidsstad: Trondheim

Kontaktpersoner

Anne Skolmli
sjef for regional samhandling nord og midt Norge
Telefonnummer: (+47) 916 72 580

Hvem er Jernbanedirektoratet?

Jernbanedirektoratet skal sørge for at jernbanesektoren vert driven mest mogleg effektivt, sikkert og miljøvennleg til beste for dei reisande, godstransporten og samfunnet. Vår oppgåve er å utvikle jernbanen som del av det samla transportsystemet i dag og i framtida. Vi skal også styre sektoren gjennom å definere og kjøpe tenester innan persontrafikk, samt inngå avtalar om utvikling av infrastruktur og togmateriell. Jernbanedirektoratet er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Samferdselsdepartementet og har hovudkontor i Oslo. Jernbanedirektoratet er også ansvarleg for Norsk fagskole for lokomotivførarar og Norsk jernbanemuseum. For mer informasjon se: jernbanedirektoratet.no